Casper Warner
(Ca. 1630-)
Casper Casperson Warner
(1660-1744)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Anna Cathrine Bentsdtr. Sønstabø

Casper Casperson Warner 554

  • Født: 1660, Sønstabø, Bømlo, Hordaland
  • Ekteskap: Anna Cathrine Bentsdtr. Sønstabø
  • Død: 1744, Sønstabø, Bømlo, Hordaland 84 år gammel
bilde

punktmerke  Generelle notater:

Casper kom til Sønstabø før 1701. Han var då 40 år og det er sagt at han var "Strandsidder, lever saa vit vel og bruger Fiskeri".
Ein veit ikkje kva år Casper tok over bruket etter verfaren. I søre Habbestad åtte han 1 laup, 12 mrk. smør. Casper hadde gardsbruket og handelen i Sønstabøvågen til 1726 då han selde halve bruket (og truleg halve handelsstaden) til versonen. I 1737 selde han parten i søra Habbestad, og i 1740 den andre helvta av bruket i Sønstabø, til versonen" .. med andel i mine Ringe Eiendele " paa vilkaar" at som hans hustru som er min Datter og Eniste Barn, at jeg mit lifves Brød hafver, tillige med en Sømmelig Jordferd naar Herren behager at kalde mig, og derforuten betale hvis jeg er skyldig."
Casper greidde seg bra i Sønstabøvågen. I 1705 hadde han så mykje pengar at han kunne låne stykfaren i Tuesundet 18 rdl. mot pant, og i åra 1712 - 20 var han ein av dei som svara mest i "krigstyr". Men etterkvart som han eldest, ser det ut til å ha gjenge nedover med han, truleg på grunn av sviktande fiske og tevling frå dei andre kræmarane som budde tett ved.
I 1707 vart berga eit skip "Jomfru Anna" av Drammen som vart funne rekande vestafor landet utan folk ombord. Av bergeløna hadde Casper og Villum Svendsen i Øklandsvågen teke imot 250 rdl. som dei ikkje hadde gjort greie for. I 1709 vart dei stemde av nokre av bergarane, men Casper og Villum møtte ikkje, så saka vart utsett.
Casper og svogeren Mats Sønstabø var kyrkjeverjer. Dei hadde vanskar med å få inn tienden. I 1710 fekk dei tingvitne for at mange gardar låg øyde og kunne ikkje svara tienden.

bilde

Casper giftet seg med Anna Cathrine Bentsdtr. Sønstabø, datter av Bent Michelsen Sanbech og Anna Lauritsdtr. (Anna Cathrine Bentsdtr. Sønstabø ble født i 1657 i Sønstabø, Bømlo, Hordaland 554 og døde i 1740 i Sønstabø, Bømlo, Hordaland.)



Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 11 Mar 2011 med Legacy 7.5 fra Millennia