Lars Johannesson Eide
(1779-1868)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Valborg Gautesdtr. Nerheim

Lars Johannesson Eide

  • Født: 1779, Ølen, Hordaland
  • Ekteskap: Valborg Gautesdtr. Nerheim
  • Død: 1868, Skjold, Vindafjord, Rogaland 89 år gammel
bilde

punktmerke  Generelle notater:

Lars og Valborg budde i 1801 på Bergsvåg i Ølen som innerstar og "Løsgiængere", dvs. at dei gjekk ikring på ulikt dagsarbeid. Hit til Båtavikjå var dei to komme ein gong før dottera Kari blei fødd her.
Det blei i 1813 sagt om Båtavikjå at plasset var godt for to kyr, eitt gjeldnaut og 20 sauer. Kvart år kunne det haustast seks tønner havre og opp til sju tønner poteter. I 1809 fortalde Lars om eit slagsmål han og Halvard Plasset under prestegarden hadde vore vitne til på Vårå.

Vinteren 1818 deltok Lars på sildafiske saman med Knut Knutsson Hommelsto under Eggja. Dei hadde fått plass på båten til Endre Vedøy. Dei opplevde å koma ut for uver i Leiknesvikjå i Åkra, og blei vitne til at Endre tapte fem garn.
Det heitte om Lars i 1809 at han saman med kona Valborg og dei tr borna deira, sat i "meget trængende Omstændigheder". Det gjorde dei kvalifiserte til 5 riksdalar av ei kongeleg gåve som dette krigsåret var gitt.

Lars og Valborg budde i Båtavikjå til ho døydde. I 1865 hadde "Lars Baadevik" som legslem tilhald hjå Lars Velumson på Eggja. Tre år seinare døydde enkjemannen Lars som fattiglem på Fikstveit. Den siste husmannen i Båtavikjå var dermed borte.
Ei "Borgiella Baadevig" fekk i 1817 34 skilling i offerpengar.

bilde

Lars giftet seg med Valborg Gautesdtr. Nerheim. (Valborg Gautesdtr. Nerheim ble født i 1772 i Nerheim, Ølen, Hordaland og døde i 1860 i Skjold, Vindafjord, Rogaland.)



Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 11 Mar 2011 med Legacy 7.5 fra Millennia